I natt kjem hauststormen: Full storm ved Stadt og gult skredvarsel

VÅTT: Dette kartet publiserte Meteorologisk institutt måndag. Lilla farge markerer stadane der det er venta mest, og som vanleg er det ein svær lilla flekk over Firda sitt dekningsområde.

VÅTT: Dette kartet publiserte Meteorologisk institutt måndag. Lilla farge markerer stadane der det er venta mest, og som vanleg er det ein svær lilla flekk over Firda sitt dekningsområde.

Av

– Det blir litt vêr hos dykk, det gjer det, seier Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

DEL

FIRDA: I skrivande stund ligg det uvêr ute i havet, som vil trekke gradvis innover kysten og resten av Sogn og Fjordane.

– Hovudsakleg frå i natt kan ein vente seg nedbør. Dette kan komme som snø over 1000 meter, men så kjem det varmluft inn som vil bli til regn også i høgfjellet, seier meteorolog Berge.

NVE på si side varslar gult farenivå for jordskred.

Dette varselet gjeld for tysdagen i kommunane Flora, Jølster, Førde, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.

Gult nivå betyr i denne samanhengen at det kan bli ein utfordrande situasjon som krev oppfølging og kan medføre skader lokalt.

Opp mot 8 centimeter regn

Vinden vil auke ut over ettermiddagen måndag.

– Seint i kveld ligg det an til sørvest full storm ved Stadt, og det kan forbigåande bli sterk storm ved Stadt.

Andre stadar kan det bli sterk kuling, og Berge seier dei har sendt ut kulingvarsel på dette.

– Natt til onsdag ser det ut som ein ny vindauke, type sterk kuling sør for Stadt, men dette vil vere litt av og på-vêr.

Mest nedbør vil det bli på tysdag, med 50–80 millimeter regn.

– Vi har ikkje sendt ut farevarsel på dette på grunn av at det er jamt fordelt utover døgeret, men vått, det blir det, seier Berge.

Det er fylka nord for oss som får smake stormen hardast denne gongen.

Temperaturane vil ligge rundt ni-ti grader i låglandet dei fleste stadane i fylket.

Alt i alt er dette likevel å regne som ein normal hauststorm, ifølge Berge, sjølv om det ikkje er kvar dag ein ser vêr av denne typen.


Regn regnvær uvær storm styggevær paraply

Regn regnvær uvær storm styggevær paraply Foto:


Artikkeltags