Desse vegane er stengde

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr. Slik såg det ut litt over 06.30 fredag morgon.

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr. Slik såg det ut litt over 06.30 fredag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEG: Ekstremvêret «Aina» skapar problem på enkelte vegstrekningar også fredag. Sjekk oversikta her.

DEL

Vegstrekningar:

Fv. 13 ved Vasskvia på Bell på Viksdalen er framleis stengd, melder Firda.

Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr.

Fv. 92 ved Stordalsstølen på grensa til Hordaland er stengt grunna uvêr. Ved Steinsland på fv. 345 er også vegen stengd grunna snøras.

Fv. 50 Hol – Aurland er stengt. Kolonnekøyring frå klokka 08.00, melder Vegtrafikksentralen.

Rv. 15 over Strynefjellet er det snø- og isdekke og fare for glatte parti. Vegtrafikksentralen ber bilistar også å vere obs for elg.

Det er også verdt å merke seg at det er vegarbeid på fv. 423 mellom Bringeland og Førde lufthamn fredag. Vegen kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt i tidsrommet 08.00 til 22.00 fredag kveld.

Sjekk vindstyrke og vêrvarsel i ditt område ved å klikke deg rundt på kartet:

Uvêret skaper problem på vegane 

Ferjesamband:

Leirvåg–Sløvåg på fv. 57 er innstilt grunna uvêr.

Rv. 55 Dragsvik–Hella–Vangsnes vart torsdag kveld innstilt grunna tekniske problem. Frå klokka 01.30 var ferja tilbake i normal drift.

Artikkeltags