Eli Kari spådde supersommar, men den har uteblitt. Eller snur det no?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I juni spådde Eli Kari supersommar ut ifrå vêrteikn. Men ho innrømmer no at desse bomma totalt for juli.

DEL

– Juli har vore ein kjempestor skuffelse for både Vest-, Aust- og Sørlandet. Eg følte spådommane skulle slå til i år, men dei blei totalt bom.

Det seier meteorolog Eli Kari Gjengedal til Firda.no.

Ho har lenge vore glad i å følge vêrteikn i naturen, og i byrjnga av juni spådde ho ein tørr og varm sommar basert på slike teikn.

Men i juli har ein måtte slå opp paraplyen - sjølv om bjørka spratt tidleg i år.

– Meteorologane riv seg i håret

Er dette ei stripe i lakken for vêrteikna du ser etter?

– Ja, er du galen! Eg likar det ikkje i det heile. Men samtidig er det jo ikkje alltid dei slår til. Å spå framtida er vanskeleg, uansett om det gjeld vêr, økonomi eller å sjå inn ei glaskule. Eg synest framleis det er interessant å følge med på vêrteikn, og statistisk sett har dei slått til oftare enn dei har bomma. Men det hadde vore merkeleg om dei aldri bomma, seier ho.

Ho minner om at juni og mai var fine månadar, men seier ho synest synd i dei som har feriert innanlands i årets fellesferie.

– Vi har streva mykje med svake lågtrykk som er vanskelege å føresjå. Og meteorologane har rive seg i håret i heile juli, for det har komme oppslag på oppslag om at «No kjem sommaren». Men det blir litt som å rope ulv-ulv. No håpar eg berre at godvêret slår til på slutten av sommaren, sånn at dei som er ferdig med eit par veker ferie kan få det litt finare, seier ho.

– 25 grader i morgon

Gjengedal fortel at ho for tida er på hytta si i Hyen, og difor ikkje har oppdatert seg heilt på prognosane framover.

Det har derimot Martin Granerød ved Meteorologisk institutt. Han ber oss glede oss til morgondagen.

– Morgondagen blir veldig bra, med temperaturar opp mot 25–26 grader fleire stader. Det blir lange periodar med sol, og dersom det dukkar opp skyer, vil dei vere så høg at sola skin gjennom, seier han.

Han fortel at det blir litt kaldare på torsdag ettermiddag, med nokre byger etter kvart. Utover helga spår han behagelege temperaturar på rundt 20 grader, men ein del nedbør på i løp av fredagen og byrjinga av laurdagen.

Artikkeltags