Denne veka kjem sommartemperaturane

VARMARE: Temperaturane kjem til å stige denne veka.

VARMARE: Temperaturane kjem til å stige denne veka. Foto:

Av

Starten av juli var kald, men denne veka kan ein forvente temperaturar på over 20 grader.

DEL

– Det blir ei ganske grei veke, både med tanke på temperaturen og vêret, seier Haldis Berge, meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet, til Firda.

Denne veka er det meldt både høgare temperaturar og mindre regn enn det har vore tidlegare i juli.

Moglegheit for regnbogar

Måndag er det overskya tidleg på dagen, men det er venta å bli betre utover dagen. Ein kan forvente periodar med sol, men og moglegheit for spreidde regnbyer i ettermiddag. Dette vêret vil ein nok sjå resten av veka også.

– Det ser ut som at vêret blir likt resten av veka. Kanskje ein slepp unna regnet på onsdag. Då er det berre forventa skiftande bris, seier Berge.

Temperaturane stig

Allereie måndag ligg temperaturen på rundt 19 grader. Frå tysdag er sjansane store for at temperaturen når opptil 20 grader.

– Det kjem litt an på kor mykje skyene sprekk opp måndagsettermiddag, seier Berge.

Fleire plassar i fylket er temperaturen meldt opp mot 25 grader torsdag og fredag. Ifølge meteorolog Berge kjem ikkje den høge varmen til å halde ut heile veka.

– Det er stor sjanse for at temperaturane går litt ned enten laurdag eller søndag, seier Berge.

Artikkeltags