Du bør nyte desse soldagane, for no blir det både kaldare og våtare

KORTVARIG: Varmen og solskinet denne måndagen blir kortvarig, ifølgje meteorologen. Tysdag blir einaste dagen med full sol, før onsdagen kjem med ein kaldfront frå vest.

KORTVARIG: Varmen og solskinet denne måndagen blir kortvarig, ifølgje meteorologen. Tysdag blir einaste dagen med full sol, før onsdagen kjem med ein kaldfront frå vest. Foto:

Av

I tillegg kan vi truleg vente oss tôrever, er spådommen frå meteorologen.

DEL

Etter ein langvarig nedbørsperiode starta veka med etterlengta solskin og opp mot 25 varmegrader. Prognosane synte også at vi attpåtil kunne vente oss fleire slike dagar, skriv firda.no.

Då sola titta fram, var meteorologane usikre kor lenge ho ville halde seg her. Årsaka var ein trugande front på veg inn frå vest.

Lokalt mykje nedbør

Nøyaktig når denne treffer er enno ikkje sikkert, men høgst sannsynleg treffer den onsdag ettermiddag, og det er Hordaland og Sogn og Fjordane som får det verst.

– Det er framleis litt uviss tidshorisont på det, men det ser ut til å komme seint ettermiddag onsdag. Det er ein kaldfront som kjem – med ustabil luft i seg – og med denne fronten kjem det regn. Det er venta tidvis intens nedbør og det kan vere fare for torevêr også, seier vakthavande meteorolog Marianne Skolem Andersen.

– Nyt utetida desse dagane

Kor langvarig nedbørsperioden vil vere, kan ho og kollegaene ikkje fastslå. Men ho fortel at desse soldagane ein no har, med høg temperatur og sol, dei vil forsvinne. Temperaturane vil også falle.

– Det kjem ein ikkje unna. Så har ein moglegheit til å vere ute, så gjer ein det no, seier Andersen.

Artikkeltags