Er våren kommen eller er den ikkje?

Krokusen blomstrar ved våningshuset frå 1828  på Brandsøy gård. Arkivfoto: Harald J Stavang.

Krokusen blomstrar ved våningshuset frå 1828 på Brandsøy gård. Arkivfoto: Harald J Stavang. Foto:

VÊR: Det er nemlig visse kriterier som må oppfyllast før ein kan seie det.

DEL

Med halve mars i ryggen må vi konstatere at den første vårmånaden, så langt iallfall, har bydd på få opningar for tøysko og tynne jakker, og det er heller ikkje mange lysningane å spore i langtidsvarselet. Ei grå helg ligg framfor oss, med litt nedbør innimellom og opp i kuling søndag kveld.

Men så kjem måndagen med sol frå blå himmel og seks grader å varme seg på. Kanskje ikkje imponerande, men slik vil det halde seg framover - minus sola, då.

For frå tysdag og fram til onsdag 25. mars er det berre skyer og regn å sjå fram til, med ein temperatur som ligg på fem-seks grader.

Hos yr.no kan vi lese at den metereologiske definisjonen på vår er når middeltemperaturen gjennom døgnet ligg mellom null og ti grader. Ikkje heilt det dei fleste av oss tenker på som vår, kanskje, og iallfall ikkje her på Vestlandet. Då har vi jo vår store delar av året... Men så finst det ein liten regel til - og det er at døgnmiddeltemperaturen må vere stigande gjennom perioden for at vi kan kalle det vår.

Det må altså gradvis bli varmare, og ikkje komme noko kaldt og vinterleg vêr for at våren offisielt skal vere i gong.

Artikkeltags