Gå til sidens hovedinnhold

«Urd» mindre dramatisk enn frykta

Artikkelen er over 4 år gammel

Sogn og Fjordane har sluppe billegare unna den varsla vinterstormen "Urd" enn kva ein frykta. Men nokre stader kunne ein sjå kjempekreftene stormen hadde i seg natt til tredje juledag. Vindtunnelen som har gjort Florø stadion berømt som kastbane, gjorde nytt innhogg i rekreasjonsområdet ved Likkjevatnet. Også under storstormen "Dagmar" i 2011 var dette området stengt på grunn av at svære tre hadde velta over vegen. Det samme skjedde denne gongen.

Sjølv om det blei målt opp mot 50 sekundmeter vind på utsette stadar langs kysten, har konsekvensane av stormen vore mindre enn spådd. Det var særleg då vinden skulle dreie over på nordvest og nå storm styrke tysdag kveld, at skadepotensialet var som høgast. Men mange stadar stilna det i staden av, og folk kunne puste letta ut.

Stengde Strandgata

Likevel fekk både Flora og Bremanger kjenne på naturkreftene, og nokre skader blei det. Straumbrot var eit faktum i fleire bygder allereie tidleg tysdag, og i sentrum av Florø losna takplater på bygningar i Strandgata tysdag kveld, ifølgje NRK Sogn og Fjordane. "Florø kl. 20.40. Meldt om lause takplater som har blåst ned i Strandgata. Fjerna av meldar", skreiv politiet på Twitter måndag kveld. Politiet valde då å stenge av heile gata.

Seinare på kvelden stengde politiet også vegen forbi Likkjevatnet. Politiet meldte dette på Twitter kl. 22.30: "Flere tre held på å falle ned over gangsti langs Litlevatnet. Politiet sperrer av gangstien med sperreband".

Då Firdaposten kom opp i morgontimane kunne vi sjå at mange av dei svære grantrea hadde falle i bakken. Både gangvegen ned mot Likkjevatnet frå Gratishaugen og gangvegen i frå Skyttarhuset og austover er no uframkommeleg på grunn av trevelt. Varabrannsjef Eivind Ask var klar på at det hadde medført stor fare å vere i området natt til i går. Området er framleis sperra av politiet.   

Straumleidning fall ned

Ved 20-tida fekk politiet melding om at ein tre hadde gitt etter for vindkasta, og lagt seg over ein straumkabel i Nybøvegen. Kort tid etter fall ein straumkabel ned i Nonskarvegen, og her kom SFE, politiet og brannvesenet til staden for å rydde opp.

Tre over fylkesveg

På fylkesveg 614 velta eit tre over vegbana litt tidlegare på kvelden, men vegen blei rydda ganske raskt og vart køyrbar igjen - for dei få som våga seg ut på landevegen etter alle åtvaringane om å halde seg innomhus.

Kommentarer til denne saken