Meteorologen: – Vestlandsvêret er tilbake

MYKJE REGN: Det skal regne kvar dag fram til søndag

MYKJE REGN: Det skal regne kvar dag fram til søndag

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Etter ein sommar med mykje finvêr er vi no tilbake til meir typisk vestlandsvêr, denne trenden ser ut til å halde fram, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

DEL

– Temperaturane i Sogn og Fjordane kjem stort sett til å ligge mellom 15 og 20 grader dei neste dagane, men nokre heldige vil kunne få litt over 20 grader, seier Lars Andreas Selberg, meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet, til Firda.

– Onsdag blir ikkje ein særleg fin dag

– Onsdag er det venta ein front frå sør, og ein del regn. Det er også venta litt vind på utsette stader, på kysten kjem det til å blåse frisk bris til liten kuling. Onsdagen blir ikkje ein særleg fin dag, seier han.

Tidleg på torsdag ser det ut til å vere greitt vêr, men det vil komme ein del regn utover dagen.

– Fredagen blir også ein regnfull dag, med eit lågtrykk som vil skape nordavind på kysten av fylket. Det som er litt spesielt er at det ser ut som at plassar som ikkje brukar å få så mykje regn får kan få ein del nedbør, dette gjeld spesielt i Indre Sogn, seier han.

Kan bli opplett på søndag

– Det er litt vanskeleg å seie noko nøyaktig om korleis det vil vere i helga, for ting kan endre seg. Det ser ut til at regnet vil fortsette på laurdagen, og at det blir opphaldsvêr på søndagen, men dette vil kunne endre seg, seier han.

Sesongvarselet for august er gode nyheiter

Alvhild (82) kan ikkje hugse ein tørrare sommar 

Vêret for heile Norge: No blir det kaldare 

Artikkeltags