Meteorologen: – Det er gode nyheiter eg kjem med

SOL I SIKTE: Dette bildet frå Gloppen tok Laila Bergheim Ommedal i morgontimane onsdag.

SOL I SIKTE: Dette bildet frå Gloppen tok Laila Bergheim Ommedal i morgontimane onsdag. Foto:

Det er lite nedbør i sikte dei neste 10 dagane. Torsdag er det meldt opptil 15 gradar i fylket og mykje sol.

DEL

– Det er gode nyheiter eg kjem med, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerli ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

På onsdag kan det vere nokre skyar på himmelen på føremiddagen, men det vil klarne opp i løpet av dagen.

– I låglandet er det meldt åtte til ti grader i dag. Om natta vil det bli litt småkaldt, seier Fagerli.

– Ein veldig vakker dag

– Vêret blir eigentleg ganske fint dei neste dagane, slår meteorologen fast.

På torsdag kan ein glede seg til ein varmare og solfylt dag, då er makstemperatur meldt til å vere 12–15 grader i Sogn og Fjordane.

– Torsdag blir det ein veldig vakker dag, seier Fagerli.

Også fredag byrjar veldig bra, med lite skyar og mykje sol. Temperaturen vil liggje på ti til tolv grader. Men det er ikkje sikkert vi slepper heilt unna nedbøren.

– Seint fredagskveld kan det passere eit nedbørsfelt. Det er då venta eit forbigåande skydekke særleg natt til laurdag, forklarar meteorologen.

Sola blir verande

På laurdag og søndag vil makstemperaturen vere på 12 grader.

– Det blir eigentleg ei ganske fin helg, seier Fagerli, men legg til at det blir litt mindre sol i helga, enn på torsdag og fredag.

Meteorologen seier det er for tidleg å melde om korleis påska blir i år. Men vi kan sjå fram til tørre dagar framover.

– Normalt sett er det ganske fint vêr i april. Neste veke vert det kaldare i lufta, men mykje sol. Det er denne veka ein får dei høgaste temperaturane, men sola blir verande. Det er lite nedbør i sikte dei neste 10 dagane, seier Fagerli.

Artikkeltags