Intens nedbør på veg mot Vestlandet

nedbør
regnvêr

nedbør regnvêr Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Det passerer ein intens front som vil gje intens nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til Yr.no.

DEL

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for nedbør i Hordaland og Rogaland og gult farevarsel for Sogn og Fjordane.

Eit lågtrykk i Norskehavet vil tysdag kveld sende inn ein nedbørsfront mot Vestlandet sør for Stad. Fronten fører til intens nedbør, opp mot 40-60 milimeter over ein periode på seks timar, melder Met.no

Sterk pålandsvind fører til at ein relativt stor del av nedføren kjem til å falle i midtre og indre strok

Oransje farenivå er det nest høgaste farenivået. Det er noko som ikkje skjer ofte, og betyr stor fare, ifølge Yr.

– Dersom det kjem ti milimeter regn i timen, slik vi ventar, så får vi store problem med overvatn på vegane. Det er ganske intens nedbør dette, og det er ein front, ikkje bygevêr, seier statsmeteorolog Ottar Fagerlid.

Samstundes med det kraftige regnvêret er det meldt stiv kuling på kysten. Ved Stad er det meldt liten storm tysdag, og full storm onsdag.

Måndag er det meldt snøbyger over 400 meter i Sogn og Fjordane, seinare i veka snø over 600-800 meter.

Artikkeltags