Fylket sette ny varmerekord: – Den nest varmaste april sidan 1900

VARMAST: Svelgen hadde den høgste temperaturen i fylket i april.

VARMAST: Svelgen hadde den høgste temperaturen i fylket i april. Foto:

Av

April har vore svært varm og tørr landet rundt. No har vêret snudd.

DEL

– Nasjonalt sett var april den nest varmaste månaden sidan 1900. Berre april i 2011 var varmare enn den vi nettopp har opplevd. Det er veldig unormalt sidan det berre har skjedd ein gong før på nesten 120 år, seier Ketil Tunheim, forskar ved Avdeling for klimatenester på Meteorologisk institutt.

Varmast var det i Finnmark og på Vestlandet.

– Det har vore 4–5 grader over normalen på fleire målestasjonar i Finnmark og på Vestlandet, skriv Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Varmast her i fylket var det i Svelgen i Bremanger.

– Varmen vi opplevde i april trefte veldig godt for Sogn og Fjordane, seier Tunheim.

Veldig tørr april

I tillegg til varmen har det også vore tørt i heile landet. Månadsnedbøren i Norge var 40 prosent av normalen, og april vart den nest tørraste som er registrert tilbake til 1900, opplyser Meteorologisk institutt.

– Det som har vore mest spesielt i Sogn og Fjordane er kor tørt det har vore, seier Tunheim.

Tørken har mellom anna ført til ein pangstart for pollensesongen.

No vert det kjøligare: – Det er ikkje utenkjeleg at folk vaknar opp til snø på fredag Pangstart for pollensesongen: – Det har gått heftig unna på medisinane

Er sommaren brukt opp?

– Med ein fin aprilmånad bak oss, kva er sjansen for at vi no har «brukt opp» sommaren?

– Det er lett å tenkje at vi har brukt opp sommaren, men det er ikkje noko som tilseier at ein fin vår betyr dårleg sommar. I og med at vi no er over i ein kaldare periode, ser vi at vêret kan skifte veldig fort, seier Tunheim.

Eline Kirkebø på Håsteinen i juni 2018.

Eline Kirkebø på Håsteinen i juni 2018. Foto:

Tunheim seier at den kalde overgangen etter ein godvêrsperiode er heilt normalt.

– Eg vil seie at vêret vi opplever no er meir normalt for tida på året enn det som skjedde i april, seier han.

– Vi kan ikkje trekke konklusjonar på kva som har vore, og kva som kjem, seier han.

No vert det kjøligare: – Det er ikkje utenkjeleg at folk vaknar opp til snø på fredag

Minimum ti år til neste gong

Forskaren meiner at det er vanskeleg å seie noko om korleis sommaren blir.

– Mest sannsynleg får vi ikkje ein slik sommar som vi hadde i fjor, sommaren i fjor var heilt spesiell.

Kor ofte sommaren blir så bra som i 2018, har han ikkje oversikt over. Men dessverre har han ein dårleg nyheit til dei som har belaga seg på ein reprise av sommaren i fjor.

– Mest truleg vil vi ikkje oppleve ein så fin sommar på minimum ti år, seier han.

Vegvesenet ber folk om å bruke vinterdekk over fjellet

Artikkeltags