Plutseleg var det båtvêr i Florø – men vil det vare?

ÅLVORA: Fleire har teke turen til den flotte uthamna på Ålvora i Florø desse fine dagane.

ÅLVORA: Fleire har teke turen til den flotte uthamna på Ålvora i Florø desse fine dagane. Foto:

Dei siste dagane har strålande sol og tosifra temperaturar gjort sitt til at florafolk fekk starta shorts-, motorsykkel- og båtsesongen.

DEL

Torsdag og fredag var det nærast sommartemperaturar på kysten av Sogn og Fjordane, og folk gjekk mann av huse for å handle til hagen, grille, og tilbringe tid i strålande solskin: Kundane tømte gartneriet for påskeliljer

Også i helga har det vore nydeleg vêr, om enn noko kaldare, og med tidvis lokal tåke og kaldare vind.

– Er det no fare for at vi brukar opp finvêret før påske?

– Nei, ein brukar ikkje opp finvêret, smiler statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

– Men det er jo faktisk slik at vêret svingar, og høgtrykk går i bølger. Det varer jo ikkje, det varierer.Så då gjeld det å time høgtrykket til rett dag, tipsar han.

Men frå spøk til alvor, det er framleis venta mykje pent vêr dei neste dagane. Måndag blir det mykje sol, og svakare vind.

– Det er venta stabilt fint vêr på kysten der med dykk dei neste dagane. Det ser ganske bra ut, altså, det gjer det. Men det kan komme litt lokal tåke frå og til, som forsvinn ut på dagen, seier Løvdahl.

– På Yr sitt langtidsvarsel er det null nedbør så langt varselet går, heilt til påske. Er det tilfelle?

– Vi ser at det er nokre lågtrykk som vert meir kraftige fram mot neste helg, og det kan vere at dei klarer å gjere noko med høgtrykket som dominerer hos dykk no. Då kan det komme nokre regnbyer. Men det er høgst usikkert.

Summert opp; Det blir lange periodar med sol, og vêrmessig likt det vi har hatt dei siste dagane. Rundt 10 plussgrader på dagtid, men gjerne minusgrader på natta.

 

Artikkeltags