– No får vi ein smak av sommar

Badeliv på Grotlesanden. Arkivfoto

Badeliv på Grotlesanden. Arkivfoto Foto:

I helga blir vêret greitt. Men så kjem det snart ein smak av sommar, seier vakthavande meteorolog Mette Skjerdal.

DEL

– Det er venta at vi får greitt vêr laurdag. Det blir skya eller delvis skya, med nokre byger i indre strok, og ein del vind på kysten av Sogn og Fjordane utover dagen. Det blir nordleg vind, med liten til stiv kuling på kysten, fortel Mette Skjerdal, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Søndag blir litt i same stilen, men med litt mindre vind. Det kan framleis kome byger i indre strok.

Men måndag - då minkar nordavinden, og temperaturane skal auke.

– Høgtrykket bygger seg opp utover i neste veke. Det blir framleis vind frå nord og ikkje så veldig høge temperaturar, men varmare enn no, og stigande utover veka, fortel Skjerdal.

Temperaturen er venta å komme opp i 20 grader på kysten. Men det kjennest kanskje ikkje så varmt ut når nordavinden blæs.

– Det blir 15-20 grader, og finn ein seg lune stader vil det kjennest ganske så varmt ut, lovar Skjerdal.

– Får vi no endeleg ein smak av sommar?

– Absolutt. I det siste har vi hatt temperaturar under normalen, og starten av juli har vore veldig kald. Vi har ligge 4-5 grader under det som er normalt, og eg skjønner at folk er veldig gira på stigande temperaturar. Det blir det no.

– Kan vi slå fast at no kjem sommaren?

– Det blir absolutt sommarlege tendensar. Det er ein fin periode vi no går inn i, seier Skjerdal.

Artikkeltags