Først får vi blaute dagar i fleng, men snart kjem sola og gode temperaturar

GULT FAREVARSEL: Meteorologisk istitutt sender ut gult farevarsel om mykje nedbør på Vestlandet.

GULT FAREVARSEL: Meteorologisk istitutt sender ut gult farevarsel om mykje nedbør på Vestlandet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Meteorologen ventar mykje regn og sender ut gult farevarsel, men lovar oss snart sol og gode temperaturar.

DEL

– Det er venta veldig mykje nedbør i heile Sogn og Fjordane, og særleg i midten av fylket.

Det seier Aslaug Skålevik Valved, vakthavande statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet til Firda måndag morgon.

Ventar svært mykje regn, sender ut farevarsel

Meteorologen sender ut gult farevarsel for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Varselet gjeld frå natt til tysdag og fram til natt til onsdag. I dette døgnet ventar meteorologen mellom 70- 110 mm nedbør.

Dei bur på ein av Norges våtaste plassar. – Det er heilt forferdeleg

Måndag kan vi vente oss ein del regnbyer og det blir nokså skya. Det blir sørvest liten kuling og stiv kuling ved Stad.

Heile tysdagen blir det ein del regn og vind.

– Vi er jo godt metta av vatn frå før av, så dersom ein er ute og går i gatene og ser at det ligg lauv framfor rister, kan ein sparke det vekk slik at vatnet får rett fritt, oppmodar statsmeteorologen.

Onsdag kan vi vente oss ei betring i vêret:

– Nedbøren vil henge litt igjen onsdag, men utover dagen vil vi sjå ei betring i vêret med lettare skydekke og periodar med sol.

Sol og gode temperaturar

Torsdag blir vekas beste dag:

– Denne dagen blir veldig fin. Det er venta lite skyer, mykje sol og veldig gode temperaturar opp mot 16 grader enkelte stader. Så denne dagen er det berre å finne seg ein solvegg og nyte sola, seier Skålevik Valved.

Første halvdel av fredagen ser også fin ut:

– Temperaturen vil stige litt og dagen byrjar veldig fint, men det vil skye litt til utover fredagen. Etter kvart vil det kome litt nedbør, men det kan vere at dette vil kome natt til laurdag.

Laurdag er det venta eit stort lågtrykk med ein del nedbør, og søndag kan vi også vente oss regn, men ikkje så ille som laurdagen, seier Skålevik Valved.

Artikkeltags