No blir det snart mildare vêr - og framleis opplett så langt auget kan sjå

Artikkelen er over 1 år gammel

Meteorologisk institutt melder om stabile temperaturar og null nedbør dei kommande sju dagane.

DEL

I Florø skal temperaturen auke til rundt -1 i løpet av laurdag. Den kommande veka, og heilt til neste laurdag, vil det vere stabilt vêr med rundt -2 til  0 grader, 0 mm nedbør og svak vind.

Tysdag ser ut til å bli den kaldaste dagen, med ned i fire minusgrader. Til gjengjeld er det meldt sol.

Svelgen og Bremanger får ganske så likt vêr som Florø, men med litt lågare temperaturar. Det vil variere frå 0 til -5, med tysdag og onsdag som dei kaldaste dagane.

Natt til torsdag denne veka var det mange gamle kulderekordar som vart slått eller tangert landet over. 

Ved Ytterøyane fyr i Flora var det meldt om -6 grader, same som kulderekorden frå 1992.

På Fureneset i Fjaler vard et -11,7, den gamle rekorden frå 2006 var -9,1., og på Takle i Gulen var det -12,2, mot rekorden på 11,7 i 2001.

Bergen fekk også ny kulderekord, med -12. Den gamle var på -11,3, og var i 2001.

Desse rekordane gjeld for mars månad, det som eigentleg er den første vårmånaden. Kuldererekordane som gjeld heile året, uansett årstid, vert stort sett satt i januar og februar, melder NRK.

Det er ein kaldfront frå Sibir som denne veka har skapt veldig låge temperaturar i heile Sør-Norge.

Samstundes som det er rekordkaldt i Norge og Europa, og det snør i Roma, så smeltar snøen på Svalbard. 

Artikkeltags