I går slo lynet ned 16 gonger rundt Florø

Arkivfoto. Bildet er ikkje frå i går.

Arkivfoto. Bildet er ikkje frå i går. Foto:

DEL

Det var ein veldig lokal og veldig uventa tordenbyge som sette sitt preg på Florø mellom halv ti og halv elleve i går kveld. Det seier statsmeteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt.

– Det dukka plutseleg opp ei bygelinje som berørte nordlege deler av Hordaland og Sogn og fjordane. Vi rakk knapt registrere det før det var over, seier Seter.

I løpet av den korte timen dei svarte skyene låg over Florø la dei frå seg både regn og hagl i store mengder. Det bøtta verkeleg ned. Og i alt er det registrert 16 lyn i området mellom Stongfjorden i sør og Botnane i nord. Eitt lynnedslag skal også ha treft ein stad mellom Keilevegen og Brendøyvegen i Florø.

Når det gjeld helgevêret blir det ganske variabelt.

– Det blir periodar med sol og byger i dagane framover. Akkurat no på føremiddagen fredag ser det ganske greitt ut i Sogn og Fjordane no, men så er det mulighet for byger i ettermiddag og utover kvelden. Laurdag er det venta ganske greitt vêr med opp mot 25 grader på dagtid, men det er også fare for at det kan bli nokre byger att i kvelden. Søndag så ser det ut som om det blir ein del byger, seier Seter.

Artikkeltags