Snø og kraftig vind på årets første dag

VINDFULL: 1. nyttårsdag har det meldt kraftig vind i heile Sør-Norge.

VINDFULL: 1. nyttårsdag har det meldt kraftig vind i heile Sør-Norge. Foto:

Av

VÊR: På fjellet Trolledalsegga bles det orkan denne nyttårsdagen, men det skal roe seg, lovar meteorologen.

DEL

– Vi har hatt ei vindfull natt og det bles framleis. Det skal det halde fram med utover ettermiddagen før det roar seg sakte men sikkert mot kvelden.

Det seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.

Vindstyrke målt 1. nyttårsdag:

  • Bringeland lufthamn: 21 m/s.
  • Kvamsfjellet i Jølster: 33 m/s.
  • Ytterøyane fyr: 35 m/s. Der bles det no full storm.
  • Sandane lufthamn: 25,7 m/s.
  • Kråkenes fyr: 34,7 m/s. Der bles det no full storm.
  • Trolledalsegga i Eid: 45 m/s. Der er det no orkan.
  • Spørteeggbu i Luster: 29,6 m/s.

– Den kraftigaste middelvinden har vi registrert på kysten, og det er som forventa. Desember og januar er høgsesong for uvêr på våre breiddegrader, fortel Fagerlid.

Akkurat no går det kraftige snøbyer i heile fylket. I kveld er det derimot venta opphaldsvêr, og onsdag kjem truleg sola.

– Då får vi ein pust i bakken. Det blir periodar med sol og minusgrader. Dette blir vekas beste dag, seier meteorologen.

Så blir det mildt igjen med regn og temperaturar opp mot 10 grader fram til søndag. Men så skjer det noko.

– Dei som ventar på snø kan sjå fram til neste veke. Då blir det kaldt, så då kan det skje ting.

Sju ferjer innstilte og minst ni vegar stengde på nyttårsdagen 

Artikkeltags