Gråvêr i helga, men så er det berre å glede seg

IKKJE FINT: Vêret i helga blir mykje det same som det har vore dei siste dagane.

IKKJE FINT: Vêret i helga blir mykje det same som det har vore dei siste dagane. Foto:

Av

Byer og sterk vind stort sett gjennom heile helga. Neste veke begynner det meir å likne på juni.

DEL

Firda: – Det vil vere nokså mykje skyer, og det kjem regnbyer, seier meteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk institutt om denne fredagen.

Likevel; yr.no gir no håp om eit tørrare sildebord i Florø fredag kveld, enn kvar som har vore spådd tidlegare i veka.

Ho fortel at det kan bli periodar med sol, men i så fall på ettermiddagen. Også laurdagen blir prega av regnbyer gjennom mesteparten av dagen.

– Det blir ei betring på gang på søndag. Då blir det meir mellomrom mellom byene, og det blir lenger periodar med sol. Det blir nok den beste dagen i løpet av helga, seier Thaule.

Temperaturmessig snakkar vi truleg om 13–14 grader fredag, og ned på 11–13 på laurdag og søndag, fortel meteorologen.

– Det blir ikkje det heilt store, dette her?

– Nei, det blir byevêr mesteparten av helga, seier ho før ho kjem med litt trøyst:

– Når vi kjem til måndag, blir det nordavind og mykje fint vêr. Det er ein trøyst i det, vil eg seie. Det blir også høgare temperaturar neste veke. Det kan bli 16–17 grader langs kysten og kanskje ei grad til lenger inni fjordane, seier ho.

Artikkeltags