Hent paraplyen, no opnar slusene seg

Fredag gjeld det å finne fram paraplyen. Det er nemleg meldt 100 millimeter nedbør i Sunnfjord.

Fredag gjeld det å finne fram paraplyen. Det er nemleg meldt 100 millimeter nedbør i Sunnfjord.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

På fredag må du førebu deg på over 100 millimeter nedbør. NVE har komme med flaumvarsel nivå to.

DEL

Meteorolog Kristen Gislefoss er ikkje nådig i varslinga si for vêret kommande fredag. Stigande temperaturar skal sørge for ein skikkeleg kalddusj. Det skriv Firda.

– Det er eit lågtrykk som kjem inn med mykje vind og varm luft. Det blir potensial for veldig mykje nedbør: over 100 millimeter enkelte plassar på berre eitt døgn. Sunnfjord ligg nok midt i det verste nedbørsområdet, seier han til Firda.

Temperaturane kan komme opp i 8–9 varmegrader, så det kjem også til å regne ganske høgt til fjells.

Kaldare og tørrare utover helga

Kor lenge vil ruskevêret vare?

På laurdag vil nedbøren minke, og siste delen av dagen vil det bli opphaldsvêr med søkkande temperaturar. Natt til søndag kan nok temperaturen tippe under 0-streken, og det blir ei kald natt til måndag, fortel Gislefoss.

Men på måndag stig temperaturen igjen, på grunn av eit nytt lågtrykk som kjem innover, seier meteorolog Gislefoss.

Kjem med flaumvarsel

NVE kjem med flaumvarsel nivå to for heile fylket på fredag. Leiar for Førde-kontoret, Brigt Samdal, ber folk om å sjekke ristene sine.

– Det er forventa mellom 90 og 120 millimeter for fylket. Med tanke på lauvfallet som har vore i haust, er det viktig å sjekke rister/kullvertar, slik at vatnet får renne der det skal.

Han seier tette rister kan få store konsekvensar, dersom alt vatnet kjem på avvege.

– Det er viktig å halde vassvegane opne. Dessverre er det ofte mangel på dei enkle tiltaka som skal til for å gjere dette, seier han.

Artikkeltags