Fureneset i Fjaler er varmast i fylket med 32,5 grader

VARMAST PÅ KYSTEN: Fredag var det varmare på kysten enn i innlandet. Bading har absolutt vore å anbefale med temperaturar over 30 grader.

VARMAST PÅ KYSTEN: Fredag var det varmare på kysten enn i innlandet. Bading har absolutt vore å anbefale med temperaturar over 30 grader. Foto:

Fredag var det 32,5 grader ute ved kysten. Det er truleg ny varmerekord.

DEL

FIRDA: – Den høgste temperaturen som er målt i Sogn og Fjordane i dag er 32,5 grader på Fureneset i Fjaler. Eg kan ikkje seie det hundre prosent, men det er truleg ny varmerekord der, seier meteorolog Marianne Marianne Skolem Andersen ved Meteorologisk institutt på Vestlandet.

Dette er ikkje ny fylkesrekord. Den vart sett i Lærdal i fjor sommar, og er på 33,4 grader, skriv Firda.

Varmast på kysten

– Det som er mest vanleg er at det er i inst i fjordane at det blir varmast. I dag har det nok vore litt annleis. Det har vore varmt over alt, men dei høgste temperaturane har vore på kysten. Medan det var 32,5 grader på Fureneset var det 31,9 i Førde. Bergen sette også ny varmerekord i dag, med 33,4 grader, seier Skolem Andersen.

Ho seier årsaka truleg ligg i vindretninga.

–I den grad det har vore noko vind i dag, så har det vore frålandsvind. Når den varme lufta kjem frå sør, så kan det bli varmt langs kysten.

Trur toppen kom i dag

– Korleis ser det ut framover. Blir det endå varmare laurdag og søndag?

– Det er litt vanskeleg å seie. Det ser ut som varmlufta strekker seg nordover mot Trøndelag, så det mest truleg var dagen i dag den varmaste. Men det kan godt bikke 30 grader i morgon også, så varmt blir det, seier Skolem Andersen.

Ho seier varmen her i fylket vil vare laurdag, søndag og truleg også måndag. Tysdag blir det meir ustabilt, og truleg nedbør. Så vil det blir meir normale temperaturar og skiftande vêr utover veka.

Skolem Andersen legg til at UV strålinga er ganske sterk for tida, og at det derfor er viktig å bruke solkrem.

– Det er eigentleg dei vanlege solvettreglane. Bruk solkrem med høg faktor, og drikk mykje vatn.

Artikkeltags