Kraftig regn og jordskredfare på kysten

FLORØ: Meteorologisk institutt melder om 60-80 milimeter regn og jordskredfare i Florø og på kysten av Sogn og Fjordane.

DEL

Det er venta mykje regn heile fredag og fram til laurdag morgon, nokre stader 60-80 milimeter regn.

Jordskredfaren er på nivå gult - altså moderat fare.

Yr.no anbefalar at ein held seg unna bratte skråningar, og bekker og elveløp med stor vassføring.

- Held stikkrenner, kummar og andre vannvegar fri for grus, søppel, kvist og løv. Tette vannvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred, åtvarar dei.

Det er også meldt om flomfare i delar av Sogn og Fjordane. Det kan komme 40-50 mm nedbør på 12 timar, og nedbørsmengdene vil føre til raskt aukande vassføring i mange vassdrag.

Laurdag ser vêrvarselet mykje betre ut. Då er det meldt 17 grader, skya og null nedbør. Til gjengjeld blir det meir vind, og det kan bli opptil sterk kuling på ettermiddagen

Men søndag blir det bygevêr igjen og nokre grader kaldare. Då kan det bli til dels kraftige byger med torden.

I starten av neste veke blir det også bygevêr, men i betydeleg mindre mengd enn no. Sola vil også gløtte fram fleire av dagane. Neste helg er det meldt opphald og sol, null milimeter nedbør, og laurdag til og med sol frå skyfri himmel.

Artikkeltags