Lengtar du etter skyfri himmel og sol? Då har ikkje meteorologen gode nyheiter til deg

VÅTT: Så langt har det vore ganske våt sommar. Ifølgje meteorologen er det ikkje betring i sikte heilt enno.

VÅTT: Så langt har det vore ganske våt sommar. Ifølgje meteorologen er det ikkje betring i sikte heilt enno. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Årets sjette månad kan gje nye nedbørsrekordar på Vestlandet. I Førde har det allereie regna meir enn normalt.

DEL

– Vi lurer litt på når sommaren kjem?

– Vel, ikkje heilt enno, svarar meteorolog, Beathe Tveita, hos Storm Geo.

– Eg er vêrsjuk

Anne Helen Førde frå Bremanger er allereie lei regnet. Mannen, som er på jobb i Nordsjøen, har dei siste dagane plaga ho med sms, mms og meldingar på Facebook, der han spør: regnar det heime?

– Etter den siste meldinga gjekk det ein liten djevel i meg. Då gjekk eg like godt opp på loftet, tok på meg bikini og shorts og spurde om eine sonen min kunne filme meg. Eg skulle nemleg ut og sole meg, seier Førde og ler.

Videoen vart lagt ut på måndag og er allereie sett over 7800 gongar.

– Det er heilt vilt! Eg tenkte i grunn ikkje at den var så morosam, men etter at fleire venninner spurde om dei kunne dele videoen balla det berre på seg, seier Førde til Firda.

– Er du vêrsjuk?

– Forferdeleg! Og kvar gong mannen min ringer seier eg: det er din feil at vi ikkje har kunna bestilt ferietur. Du er jo på jobb til langt ut i juli, seier ho og ler.

Rekordar kan ryke

Hittil i juni har det kome 113 millimeter regn på Tefre, og 132 millimeter på Takle. Normalen er høvesvis 110 og 157 millimeter.

Så langt meteorologen kan sjå, er det ikkje sol i vente på våre trakter på ei god stund.

– Juni ser ut til å bli ein våt månad samanlikna med normalen, så truleg vil fleire nedbørsrekordar ryke. Det er venta regn og regnbyer, men med forbigåande opphaldsvêr inn i mellom. Regnet vil komme og gå den kommande veka, seier Tveita.

Temperaturane vil liggje mellom 10 og 15 grader.

Våt midtsommar

Onsdag snur sola. I gamle dagar sa ein at viss det var regn før sommarsolkverv, tydde det tørrvêr etter og omvendt. I år ser ikkje den spådommen ut til å stemme.

– Jonsokaftan blir skiftande. Først på dagen er det meldt regn, men ettermiddagen og deler av kvelden ser ut til å bli opplett. I helga er det på nytt venta nedbør, før det blir forbigåande fint vêr måndag og tysdag, fortel meteorologen.

– Kva er det som skal til for at vi skal få sol?

– Det er lågtrykk frå vest som gir oss dette ustabile vêret. For at det skal bli fint vêr treng vi ein høgtrykksrygg, men det er ingenting som tyder på at det vil kome heilt enno.

– Ønskjer du meir stabilt vêr er austafjells eller Sør-Europa gode tips, seier Tveita.

Artikkeltags