Lasteskip berga frå havsnaud

Her ser vi slepet komme inn i Vågsfjorden mot Måløy kl. 17.41

Her ser vi slepet komme inn i Vågsfjorden mot Måløy kl. 17.41 Foto:

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Lasteskipet er under slep nordover mot Vågsfjorden og Måløy. (Under oppdatering)

DEL

Lasteskipet er registrert i Bolivia, og mannskapet er frå USA og Sør-Amerika.

Lasteskip "Loyalty Express" var i drift nordvest for Olderveggen og rett vest for Vetvika i ytre Bremanger. Dette melder FIRDA.

Det var like før klokka 15.30 at Hovudredningssentralen fekk melding om at eit 70 meter langt lasteskip hadde motortrøbbel og var komne på drift like utanfor Bremangerlandet.

– Det er full storm der ute, og skipet driv nordaustover, opplyste redningsleiar Ståle Jamtli.

I følgje Meteorologisk institutt bles det full storm styrke 26-27 sekundmeter rimeleg rett frå sør  i 17-tida. Med andre ord blei ikkje skipet pressa direkte innover mot Bremangerlandet av vinden.  Men rett nord for dei låg øya Veststeinen. Det gjekk greitt og klokka 17.08 var slepet kome til nordvestspissen av Bremangerlandet. Då er det ikkje langt att for å kome seg i livd i Fåfjorden på nordsida og slepe innover rundt Hovdeneset og inn Vågsfjorden mot Måløy.

Redningssentralen har sendt redningshelikopter, redningsskøyte og slepefartøy til staden.

– Helikopteret og skøyta er på staden, sa han i 16.30-tida.

 Slepebåten BB Supporter var på plass klokka 16.45. Redningsleiaren seier at situasjonen er alvorleg, men trur det skal gå fint.

– Det beste er å få slepe skipet. Men dersom vêret ikkje tillèt dette, må vi hente mannskapet med helikopteret.

Artikkeltags