Medan færre enn før sender julekort og -brev i posten, er det fleire pakkar enn før som blir sende. Med mykje snø og kraftig vêr førre veke vart det kansellerte fly og tog fleire stadar i landet.

– Vi har måtta vore litt kreative, særleg når fjellovergangar er stengde og snøvêret forseinkar fly og tog. Men status i dag er at all juleposten er i rute. Vi har god kontroll over heile landet, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Noreg til NTB.

Det byrjar å bli seint å sende noko som skal komme fram til julaftan. Innanlands må ein ta høgd for to til fem virkedagar før levering.

Nokre stadar tek det lengre tid å nå. Fredag gjekk den siste ferda i år til Svalbard for fraktbåten Norbjørn.

– Julebåten gjekk etter planen med siste forsyning av ribbe, gods og store pakkar til Svalbard – alt slikt som ikkje går med postflyet.

Dette er den einaste båten som går i fast rutetrafikk til Svalbard.

Nyrekruttert nisse

Posten har i år fått ny juledetektiv, Anne Zimmermann. Ho var assistent for den avgåtte nissedetektiven i fleire år.

Kvart år er det nemleg brev og pakkar som ikkje kjem fram. Det kan vere fordi adresselappen er falle av, mottakaradressa er ufullstendig skriven eller skrifta er uleseleg som følgje av til dømes fukt.

– Ho jobbar på spreng. Ho sit no med mange julenøtter og treng nok litt hjelp. Det er ikkje så lett å finne mottakar om det berre står «til morfar frå Fredrik» i ein by med fleire hundretusen innbyggjarar, seier Pettersen.

Hent, ikkje vent

Fram til måndag hadde Zimmermann fått inn 64 pakkar, og 23 mysterium er løyste. Det blir lagt ut bilete av pakkar og brev, så om ein saknar noko, så kan det vere lurt å ta ein titt på nettsida.

– Det er mykje god hjelp frå publikum, seier Pettersen.

Han kjem med endå ei oppmoding:

– Akkurat no er det store mengder pakkar på veg. Mange handlar på nett, og no kjem alt inn. Det kan fort hope seg opp på postkontora og hos Post i butikk. Så vi ønskjer oss at folk er raskare til å hente pakkane sine, seier han.

(©NPK)