Gå til sidens hovedinnhold

– Vent på oss, ver så snill!

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Dei er minst og går bakerst i barnetoget. No ber barnehageborna publikum om å vente å krysse gater og gå inn i 17. maitoget, til dei også har passert.

Dei har pynta seg kanskje aller finast – og dei er gjengen som gler seg aller mest til 17. mai. Likevel har det å gå i 17. mai-toget stundom blitt ei litt skuffande oppleving for sentrumsbarnehagane og Furuhaugane-borna.

Dei går nemleg bakerst i toget, og ofte opplever dei at publikum til toget byrjar å krysse gata og gå inn i sjølve toget før dei minste borna har passert. Dermed dett dei litt ut av sjølve toget, og korte bein har vanskar med å ta att det tapte. Dermed blir dei eit tog for seg sjølve, og det har skuffa mange av dei små dei siste åra.

No har foreldreutvalet for barnehagane i Flora forsøkt å få endringar i tog-oppsettet:

– Vi tok kontakt med 17. mai-komitéen for å høyre om det var mogleg å endre oppstillinga i barnetoget, og flette dei inn på ein betre måte. Barnehagane på Krokane, Brandsøy og Torvmyrane går i lag med skulane dei har naboforhold til. Men svaret vi fekk var at dei ikkje ønskjer endringar i oppstillinga, fordi det vil bli rotete, seier Linda Anette Magnussen, på vegner av foreldreutvalet.

No går ho heller ut i Firdaposten med ei bøn til alle som skal ut og sjå barnetoget og feire nasjonaldagen.

– Eg vil oppmode alle om å ha litt tolmod og vente på dei minste til dei alle har gått forbi. Dette har vore eit problem i fleire år, og det er kjedeleg for barnehageborna frå sentrum og Furuhaugane. Så bli ståande og rop hurra for desse også, det fortener dei, seier Magnussen.

Kommentarer til denne saken