– Nøgde med budsjettavtalen

HARD OVERGANG: Media handsamar parti i opposisjon "snillare" enn parti i regjering. Det vart nok eit brutalt skifte for Høgre, seier Sveinung Rotevatn (V).

HARD OVERGANG: Media handsamar parti i opposisjon "snillare" enn parti i regjering. Det vart nok eit brutalt skifte for Høgre, seier Sveinung Rotevatn (V). Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dette er det Venstre har fått til for heimfylket etter budsjettforhandlingane.

DEL

– Sogn og Fjordane har komme styrka ut av prosessen, seier stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn i ei pressemelding etter at Venstre, KrF, Høgre og Frp laurdag kveld kunne legge fram den framforhandla budsjettavtala.  Dette melder Firda.

Rotevatn uttalte til Firdaposten tidlegare at han ville jobbe for løyving til utviding av leia inn til skipsverftet Westcon i Florø. Det står framleis att å sjå korleis det gjekk med den budsjettposten.

LES OGSÅ:

Krev 82 millionar til utdjuping av leia

Klimaspørsmålet har stått i hovudfokus gjennom budsjetthausten, og Venstre meiner den grøne pakken blei god nok til at die kunne seie seg nøgde.

– Vi har sjølvsagt ikkje komme så langt som Venstre skulle ønske, men vi har no sikra oss eit budsjett der klima- og miljøsatsinga er styrka med 2,5 milliardar kroner. Viktige tiltak har komme på plass for at det skal løne seg å velje grønt i kvardagen, og det er vi glade for, seier Sveinung Rotevatn.

Påplussing til distriktet

I tillegg til dei nasjonale hovudspørsmåla, er fleire viktige budsjettpostar for Sogn og Fjordane blitt endra.

Mellom anna er tapskompensasjonen for fylkeskommunar styrka med 40 mill. kroner, breibandtilskot er styrka med 45 mill. kroner og skredsikring av fylkesvegar har fått ei påplussing på 56 mill. kroner.

– Alt dette er budsjettpostar av stor viktigheit for fylket vårt. Vi brukar å få tildelt brorparten av desse midlane, og med styrkinga som no er på plass kan vi bu oss på meir utbygging av breiband, tryggare vegar og ein styrka fylkesøkonomi, seier Rotevatn.

Pengar til skiskyttar-linje

Fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang peiker på fleire viktige gjennomslag for fylket vårt:

– Meir pengar til vidaregåande skule, breiband, næringsutvikling, gode skular og landbruk – og ei storstilt satsing på nytt grønt næringsliv som vil tene fornybar-fylket Sogn og Fjordane, seier Berge Stang i pressemeldinga.

Frå neste år blir det løvyd 1 mill. kroner til å etablere ei landslinje for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

– Dette har vore eit prosjekt vi var villige til å kjempe gjennom, fordi det er av stor viktigheit både for lokalmiljøet og for idretten nasjonalt. Skiskyttarmiljøet i Stryn er svært sterkt, og eg gler meg over at Stryn vgs. no får høve til å etablere denne nasjonale satsinga, seier Rotevatn.

Meir til avissenter og UWC- studentar

Vidare ligg det ligg det inne i budsjettavtalen 200 mill kr meir i regionale utviklingsmidlar, som har vore eit viktig krav frå landets fylkeskommunar.

Nynorsk avissenter i Førde vert styrka med ei ekstra løyving på 500.000 kroner, og Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid får reversert eit foreslått kutt på 750.000 kroner. I tillegg ligg det inne auke i støtta til studentar som studerer ved United World College, som er viktig for UWC i Fjaler.

Håper på større gjennomslag

Sidan budsjettforhandlingane gjekk på overtid, og det vart kort tid til å gjennomforhandle alle område mot slutten, er samarbeidspartia einige om at det blir større rom enn vanleg til å gjere endringar i komitéarbeidet – sjølv om dei overordna rammene ligg fast.

– Dette betyr at det blir større moglegheit enn før for å danne alternative fleirtal. Det vil eg bruke aktivt for å forsøke å få ytterlegare gjennomslag i saker som er viktige for fylket vårt, så sant fleirtala lar seg oppdrive, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i pressemeldinga. 

Artikkeltags