– Flyseteavgifta er ei Frp-avgift

Abid raja: Samferdsle-politisk talsmann i Venstre.

Abid raja: Samferdsle-politisk talsmann i Venstre.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Venstre finn seg ikkje i at Frp peikar på dei i sitt forsvar for den upopulære flyseteavgifta.

DEL

Flyseteavgifta er noko dei fleste meiner vil stramme grepet om dei minste flyplassane, og av desse er heilkommersialiserte Florø spesielt utsett. Dette er også noko Frank Willy Djuvik i Frp samd i då han svara på NHO-direktør Stang sitt innlegg om lufthamnsframtida i Florø.

– Dette er noko av dei mest tåpelege avgiftene eg har sett innført, og registrerer at fleire seier at dette ikkje vil ha nokre positive miljøkonsekvensar i det heile tatt, kom det frå Djuvik som peika på Venstre.

– Vi i Framstegspartiet kjem til å gjere det vi kan for å snu dette vedtaket, og vi har sagt tydeleg frå om kva vi synest om at Venstre har fått inn denne såkalla miljøavgifta. Dei kan ikkje få lov til å diktere det norske avgiftssystemet og vri pengar frå distrikta til byane, kom det frå, Djuvik. No får han stryk av Venstre sin samferdslepolitiske talsmann Abid Raja som strekar under til Vårt Land at flyseteavgifta er ei Frp-avgift. Han finn seg ikkje i at Venstre skal sitte åleine med ansvaret. Raja er klar på at Frp og Høgre sjølv sørga for å heve avgifta frå Venstre sitt forslag om 55 kroner til endelege 88 kroner.

– Avgifta skulle løyse ei fastlåst budsjettfloke, seier Raja.

I mangel på ei poseavgift valde altså Frp flyseteavgifta meiner Raja.

Artikkeltags