Flora Venstre si bystyregruppe støttar kravet frå Fjord Base om at bystyret må fråvike rekkefølgekravet som pålegg basen å aleine bygge veg til Rota. For oss er det viktig å sikre arbeidsplassar og gjere det mogleg å utvikle Norges grønaste og største forsyningsbase inn i framtida. Vi ser eit basemiljø som evnar å omstille seg for framtida, og denne motoren i lokalsamfunnet vårt må vi legge tilhøva til rette for.

Då bystyret for fleire år sidan skulle ta stilling til om Fjord Base skulle utvidast mot vest eller aust var fleire av oss svært tydelege på at vi såg ei løysing mot aust som det klårt beste alternativet og gjekk inn for dette. Eit fleirtal i bystyret ville det annleis, og basen har sidan utvikla seg vestover. For å gjere denne betente lokalpolitiske saka meir leveleg påla bystyrefleirtalet som ville gå vestover basen ei heil rad rekkefølgekrav. Nokre av dei har vist seg fornuftige, andre viser seg no å vere eit hinder for langsiktig lokalt eigarskap og utvikling av sårt trengte arbeidsplassar. Derfor må politikarane vise evne til handling og ta ei ny vurdering. Det er det Venstre si bystyregruppe no har gjort.

Fjord Base signaliserer at dei truleg vil trenge meir areal i framtida. Det er positivt, og betyr fleire arbeidsplassar. Då bystyret tok avgjerda om å la basen gå vestover var i realiteten avgjerda tatt om at basen òg må få høve til å utvide seg ytterlegare mot vest, skulle behovet oppstå. Sjølv om vi var usamd i den geografiske retninga for baseutvidinga gjer vi det vi kan for å få meir aktivitet til Florø. Vi har som mål at Florø skal bli minst like flink til å gripe moglegheiter som ein tradisjonelt har vore på omkampar. Vi framsnakkar forsyningsbasen til alle vi møter, og ser det som Venstre si oppgåve å få fram korleis forsyningsbasen i Florø viser det grøne skiftet i praksis. Og det på ein måte som skapar fleire varige arbeidsplassar.

Når Rota ein gang skal utviklast er det for oss viktig at det på sørsida mot byen vert utvikla ein ny bydel med ein sentrumsnær adkomst. Skal det bli attraktivt å bu og leve der, noko vi trur er mogleg i framtida, må ein kunne spasere til jobb og kulturtilbod i Strandgata, ikkje at einaste måten å kome seg dit er å køyre om Fjord Base. Dette kan bli eit moderne og urbant tilskot til byutviklinga, og det er viktig at dette skjer på berekraftig vis og på byen sine premissar.

I gjeldande rekkefølgekrav har basen ei plikt til å dekke kostnadene med vegutløysing mot Rota så snart ein reguleringsplan for Rota er klar. Dette har dei rekna ut at har ein prislapp på ca 100 millionar kroner. Basen har både i media og i møte med oss understreka at dette kravet gjer deira langsiktige posisjonering av forsyningsbasen krevjande. Venstre har stor forståing for dette og ser denne situasjonen som svært ugunstig når vi veit at forsyningsbasen konkurrerer i ein krevjande marknad der det er mange som kjempar om dei same kontraktane. Det er mange omsyn som må vektast mot kvarandre i den jobben vi gjer som lokalpolitikarar. For oss er det mest tungtvegande at vi treng det private initiativ til å skape utvikling og arbeidsplassar. Så vil sjølvsagt Venstre både lokalt og nasjonalt gjere det vi kan for at dette skjer på mest mogleg framtidsretta og berekraftig vis. Vi ser ingen motsetning her.

Flora (og om litt Kinn kommune) må legge til rette for at Norges største og grønaste forsyningsbase også i framtida er i Florø. Skal vi lukkast med det må vi vere ein kommune som jobbar på lag med næringslivet som vil satse. Om ikkje vi lokalt stiller opp kan vi ikkje forvente at andre gjer det.