Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I ei tid der ungdomen engasjerer seg stadig meir i samfunndebatten, seier Senterpartiet nei til å gje ungdom på 16 og 17 år røysterett ved lokalval slik Vallov-utvalet nyleg har foreslått. Det er triste nyheiter.
Då Vestland fylkesting skulle handsame høyring av Vallov-utvalet si innstilling, gjekk Senterpartiet mot utvalet sitt framlegg om å gje 16-og 17-åringar røysterett ved lokalval. Det er ikkje å ta ungdomen på alvor.
Og ungdomen blir ikkje tatt på alvor med god grunn, for dei har ikkje røysterett. Om ungdomen sine bekymringar skal bli tatt på alvor, må demokratiet utvidast slik at òg 16- og 17-åringar kan røyste ved lokalval.
Ungdom blir heilt klart påverka av avgjerdene som blir tatt av både kommunestyre og fylkesting. Dei nyttar kulturtilbod, tar bussen og går på skule. Dei kan straffeforfølgjast, dei kan køyre moped på vegane og melde seg inn og ut av trussamfunn.
Når kommunestyrer og fylkesting diskuterer klima og økonomiplanar, er det framtida til dagens unge som det handlar om.
Det ligg i kjerna av demokratiet at dei som nyttar offentlege tenester, dei som kan dømmast etter lovar og dei som yt skatt til fellesskapet, skal kunne påverke avgjerdene som blir tatt i dei same instansane.
Ved å innføre røysterett for 16-åringar kan vi spreie makta på endå fleire hender. Jo høgare del av befolkinga røyster ved val, jo meir legitimitet får politiske avgjerder. Og forsøksordningane med nedsett røysterettsalder har vist at 16- og 17-åringane hadde ei høgare valdeltaking enn førstegongsveljarane over 18 år.
Å senke røysterettsalderen er eit gode for både ungdom som er opptekne av framtida si, for dei som tek avgjerdene, og for demokratiet som heilskap.
I motsetning til Senterpartiet, stolar Venstre på ungdomen. Derfor ønskjer vi å gje 16- og 17-åringar røysterett ved lokalval.