Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i desember 2017 at kystvegen Måløy-Florø skal byggast, og at startløyving til første byggetrinn FV614 Svelgen-Indrehus skal kome i budsjettet for 2020.
Statens vegvesen er no i sluttfasen med planarbeidet.
– No gjeld det å halde tempoet oppe! Venstre lovar å prioritere oppstart på FV614 Svelgen-Indrehus i 2020 under budsjetthandsaminga i nye Vestland fylkeskommune i haust og utfordrar dei andre politiske partia til å gjere det same!
Det skriv Venstre i ei pressemelding.
Pressemeldinga er signert fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang, ordførarkandidat i Stad Alfred Bjørlo, ordførarkandidat i Bremanger Svein Olav Senneset og Jacob Nødseth, ordførarkandidat i Kinn.

– Vi prioriterer Svelgen-Indrehus, og planlegginga må halde fram
