- Veldig gledelig

Geir Oldeide

Geir Oldeide Foto:

Kinn Raudt meiner det er veldig gledeleg at kommunedirektøren rår politikarane til å legge vekk alle planar om eit nytt rådhus i Florø.

DEL

– Raudt er tilfreds med at kommunedirektøren no tek til fornuft og legg vekk alle planer om nytt rådhus i Florø. Vi har heile vegen sagt at dette er eit ”kjekt å ha”-prosjekt som det ikkje finst økonomi til å gjennomføre, seier Geir Oldeide til Firdaposten.

– Seint, men godt, kan vel passe som konklusjon. Vel og merke dersom dette også blir vedteke politisk, seier Oldeide.

Saka skal opp i formannskapet torsdag den 1. oktober i første omgang.

– Då får vi sjå om dei største forkjemparane for nytt rådhus også ser fornufta i å legge vekk dette gigantprosjektet, eller om dei fortsatt skal vere «framoverlente», seier han.

I kommunedirektøren si utgreiing peikar han på at kommunen må konsentrere seg om lovpålagde tenester framover.

– Etter vårt syn betyr det at også andre prosjekt må settast på vent, avsluttar Oldeide.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken