Vekterstreika er no i si åttande veke, noko som gjer den til ei av dei mest omfattande arbeidskonflikter i nyare tid. Norsk Arbeidsmandsforbund varslar i dag, tysdag, ytterlegare opptrapping for å få løyst konflikten, skriv dei i ei pressemelding.

Uttaket består av i overkant av 200 nye medlemmer. Mellom anna tek ein ut vektarane ved heliportane på Flesland og i Brønnøysund. I tillegg blir det tek ut vektarar ved Saga Fjordbase i Florø.

For øvrig er uttaket ei forsterking av allereie varsla uttak, ved at ein har tatt ut fleire på stadar der det allereie er vektarar i streik.

Det nye uttaket trer i kraft kl 2400 natt til laurdag.