Det blir for tida produsert to podcastar i veka i Firdaposten sitt studio. Tempopodden rullar og går som vanleg, medan Quizosiadote-veteranane Benjamin Mellingen Thuen og Arne Hjorth Johansen har starta opp på nytt, men denne gong utan quizspørsmål. Dei har eigentleg ikkje klart å finne namn på den nye podcasten enno, så inntil vidare heiter den berre «Distriktsdytt»

Denne veka måtte Benjamin Eggen melde forfall til Tempopodden, etter å ha blitt råka av eit visst virus. Dermed måtte Benjamin Mellingen Thuen ta på seg oppgåva som vikar. Slik skildrar dei vekas episode:

Dagens fråvær: Benjamin Eggen.

I dagens episode, får ein mellom anna svar på kvifor Benjamin hater lineær-tv, og kva som er Kristian sitt beste sex-tips.

I tillegg til dette, får ein høyre meir om pilotprosjektet for ein ny karakter-spalte, Taliban, reklameforakt, Ruth Åse frå Norsk Gallup, minner frå barneskulen, lydbilde-etikette under samleie, dårlege norske tv-serier, og mykje meir!

Om du ikkje blei skremt av dette, finn du episoden her:

I Distriktsdytt med Thuen og Hjorthen får du møte gjesten Fabian Lang, du får gode råd frå doktor Thuen om kva du skal gjere om du trur mora til kompisen din flørtar med deg. Kva er eigentleg best av hund og maur, og elles er det løst prat om både det eine og det andre. Den episoden finn du her:

Du finn også begge podcastane med gamle episoder på Spotify og dei fleste andre plassar der podcastar samlast.