Statens vegvesen har kontrollar langs veg for å sørge for betre trafikksikkerheit for alle trafikantar. Kontrollane skal òg medverke til å sikre konkurransevilkåra i bransjen og yrkesførarane sine arbeidsvilkår.

Måndag 14. november mellom klokka 9 og 14 hadde Vegvesenet kontroll langs rv. 5 i Florø, der dei kontrollerte 11 lette køyretøy, pluss at dei kontrollerte 396 for bruk av bilbelte.

Det blei ikkje gitt verken bruksforbod eller gjort avskiltingar i dagens kontroll, men det blei gitt eitt bilbeltegebyr på 1500 kroner til ein passasjer i ein av bilane, og eitt gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med seg førarkortet Ingen blei melde, men det blei gitt skriftlege mangellappar: Seks køyretøy fikk kontrollseddel grunna manglande lys, og eitt køyretøy fekk manglar på både lys, senkesett som var justert for lågt og modifisert eksosanlegg.

– Folk flest har alt i orden, men vi ser fortsatt viktigheita av å minne om at folk tek en ekstra titt rundt bilen før dei køyrer for å sjekke at alt av lys fungerar, spesielt no i mørketida, seier inspektør Ørjan Harang Ruud.

Eit lite tips for å sjekke lysa kan vere så enkelt som å rygge bilen slik at du står mot eit vindauge eller ein vegg, følgje med i spegelen medan du set på blinklys. Tråkkar du på bremsepedalen så vil du sjå det i gjenskinet. Elles kan alle lys sjekkast enkelt ved å velje funksjonen, gå ut og ta ein sjekk. Eit kosteskaft, ein pinne, ein stein eller liknande kan settast på bremsepedalen for å sjekke bremselys.