Tor Evensen, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen vest, seier til Firda at folk bør vere oppmerksame på vegane i morgonrushet.
– Vi har hatt saltebilar ute i natt. Entreprenørane har ikkje motteke meldingar på spesifikke utsette område, men når temperaturen ligg ned mot null grader kan vi ikkje utelukke at enkelte vegar vil vere glatte. Vi oppmodar difor alle som skal ut å ferdast i trafikken om å ta det med ro.
I morgontimane er fem fjellovergangar stengd. Klokka 08.00 er dette status:
- Fv53 Tyin-Årdal: Stengt
- E16 Filefjell: Ope
- Rv52 Hemsedal: Ope
- Fv50 Aurland-Hol: Stengt
- Rv7 Hardangervidda: Stengt
- E134 Haukeli: Ope
- Rv15 Strynefjellet: Stengt
- Rv13 Vikafjellet: Stengt
Du kan sjølv sjekke webkameraene til Statens vegvesen her:

Følg trafikken: Slik ser det ut på vegane akkurat no
Skal du ut og fly kan du sjekke om flyet ditt er forsinka her:
