Skal du køyre til Bergen i morgontimane?

Artikkelen er over 1 år gammel

I så fall bør du vere obs på at det er ventetid ved Økslandtunnelen i Gaular.

DEL

Det er ikkje meldt om større problem på vegstrekningane i fylket torsdag morgon, men har du tenkt å køyre til Bergen i morgontimane kan det vere greitt å vite at ved Økslandtunnelen i Gaular, på strekninga Bergen (Nygårdstangen) – Førde er det stipulert med ventetid på ca. 20 minutt og manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Dette gjeld frå klokka 07.30 til klokka 09.00.

I tillegg er det meldt at vegen mellom Førde og Nordfjordeid, ved Bjørset-Skei, kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt på grunn av vegarbeid. Er du skikkeleg uheldig skal dei sprenge noko. Då kan vegen bli stengd i inntil 30 minutt.

Til slutt: Skal du over Hemsedalsfjellet kan Statens vegvesen fortelje at der er det snø- og isdekke. Minus 7 grader, laber bris og lett snø, tidleg torsdag morgon.

Artikkeltags