Politiet: Obs! Glatte vegar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nattefrost har laga holke på Vestlandet.

DEL

Eit markant temperaturfall og klårver gjennom natta, har skapt vanskelege køyreforhold mange stadar på Vestlandet.

Også i våre område er det glatt, etter at regnvåt asfalt fekk ishinne på seg natt til tysdag. No ber politiet via twittermeldingar folk om å køyre roleg.

- No må farten avpassast etter forholda, skriv Vest politidistrikt.

Også i Florø sentrum var det glatt i morgontimane tysdag, særleg på sørsida av Storåsen, med ishinne både på hovudvegen og i smågatene.

På E39 ved Lavik var det ekstremt glatt i natt. Her mista ein sjøfør av ein betongbil kontroll over bilen sin, og enda opp med å køyre i fjellvegen og sperre delar av vegbana. Ifølgje Firda er det manuell dirigering av trafikken, og ein bergingsbil er på staden.

Artikkeltags