Stengde Naustdalstunnelen etter varsel om stein i vegbana

Riksveg 5 er opna igjen etter synfaring.

DEL

Klokka 13 tysdag melde Statens vegvesen om at Naustdalstunnelen på Riksveg 5 mellom Florø og Førde var stengd.

Det skal ha falle stein ned i vegbana, og entreprenørar drog til tunnelen for å rydde køyrebana.

Ei synfaring blei gjennomført utan funn av steinar i vegen, og Rv 5 er no opna for trafikk igjen.

Artikkeltags