Vogntog fekk motorstopp i Bremanger

Artikkelen er over 1 år gammel

Like etter klokka 11 meldte vegtrafikksentralen om bilberging på Fv 614 i Bremanger.

DEL

Eit vogntog fekk motorstopp ved Isetunnelen på Fv 614 i Bremanger onsdag føremiddag, melder NRK.

Vegtrafikksentralen skreiv kl. 11.15 på Twitter at det er redusert framkomst på grunn av bilberging.

Vogntoget fekk motorstopp, og føraren køyrde heilt ut til sida og sette opp varseltrekant, før han tilkalte bilberging.

- Bilistar bør vere obs på at det kan kome brått på, melder NRK.

Artikkeltags