Fylkesveg 616 var stengt på grunn av bilberging

Fylkesveg 616 i Bremanger vart laurdag stengt etter at ein lastebil køyrde seg fast i morgontimane.

DEL

Fv616, på strekninga Smørhamn - Isane, nærare bestemt Dalavegen mellom Oldeide ferjekai og Oldeidetunnelen, var laurdag morgon stengt på grunn av bilberging.

Det melder Vegtrafikksentralen Vestlandet på Twitter.

Bilberging er på veg, skriv dei litt over klokka ni laurdag morgon.

Oppdatering kl 10.30: Det er no manuell dirigering på staden på grunn av bilberging.

Oppdatering kl. 12.15: Vegen er no open for trafikk.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags