Har opna Fv 615 etter rasstenging og flaum

Foto:

Store nedbørsmengder skapte vanskar på vegen mellom Hyen og Sandane tysdag morgon.

DEL

Klokka halv sju tysdag morgon måtte Statens vegvesen stengje Fylkesveg 615 mellom Hyen og Sandane. Då hadde store nedbørsmengder gjennom kvelden og natta ført til flaum og ras. Raset gjekk ved Holme, ca to kilometer nord for Hyen på austsida av Hyefjorden.

Klokka kvart over ni blir det meldt at vegen igjen er opna, men med redusert framkommelegheit.

I det same området var det også utfordringar måndag kveld. Litt før midnatt blei vegen stengd på grunn av flaum og steinsprang. Då blei vegen rydda og opna att i halv eitt-tida på natta, men no har nye ras gått og vegen er stengd på nytt.

Artikkeltags