Stenger Haukåtunnelen på kveldstid

Vegarbeidet på Fv614 ved Haukå.

Vegarbeidet på Fv614 ved Haukå. Foto:

På grunn av vegarbeid vert Haukåtunnelen stengt på kvelds- og nattestid ut januar.

DEL

Statens vegvesen melder at det fram til 31. januar vert faste stengingar av Haukåtunnelen på Fv 614, på grunn av vegarbeid. Stengingane vert på kveld og natt, og dette starta opp 9. januar.

Stengingane vert tysdag frå 21.30 til 22.45, og frå 23.00 til 00.15 neste dag.

Onsdag og torsdag vert det stengt frå 00.30 til 05.15, så frå 21.30 til 22.45 om kvelden og frå 23.00 til 00.15 (neste dag).

Fredag er stenginga frå 00.15. til 05.15.

Utrykningskøyretøy kan passere.

Det er også ope for gjennomkøyring frå kl. 22.45 til 23.00 og frå kl. 00.15 til 00.30.

Artikkeltags