Eitt felt opna igjen på E39

Torsdag morgon er ei køyrefil opna på E39 nord for Bergen, etter vasslekkasjen som har skapt kaos og stengd veg i nesten eit døgn.

DEL

Like før halv sju torsdag morgon opna Vegvesenet ei køyrefil E39 nord for Bergen. Vegen har vore stengt i eit døgn, etter at eit vassrøyr sprakk og 750.000 liter vatn fossa ut og truga den vikgtige ferdselsåra.

Dermed er det igjen råd å passere Åsane og køyre vidare mot Bergen sentrum og sørover for bilistane.

Ifølgje Bergensavisen og Statens Vegvesen vil det ikkje ta lang tid før også køyrefelt nummer to blir opna, og trafikken kan vende tilbake til normalen.

Artikkeltags