Onsdag vert denne stengt

Osstrupen bru over Høydalsfjorden

Osstrupen bru over Høydalsfjorden Foto:

Statens vegvesen vil stenge Osstrupen bru førstkommande onsdag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens Vegvesen melder at dei vil stenge Osstrupen bru på Fv. 542 i mange timar førstkommande onsdag.

- Vegen vert stengd onsdag 14. februar frå kl. 09.00 til 16.00. Det skal monterast ei arbeidsplattform under brua i samband med renoveringsarbeid. Brua må stengast medan jobben pågår, opplyser Flora.kommune.no.

Brua blir også stengd i to timar måndag 19. februar, i perioden mellom kl. 09:00 til 14:00.

Osstrupen bru skal reparerast og strammast opp, og arbeidet vil pågå heilt fram til november. Det er ein ny metode som skal brukast for å rehabilitere brua.

Ifølge Statens vegvesen er det eit heilt unikt prosjekt, der det skal nyttast ein metode dei aldri har brukt tidlegare. Oppstramminga og forsterkinga av brua vil bli gjort ved å spenne opp to røyr inne i brukassa som skal jekkast frå kvar ende.

I løpet av anleggsperioden vert det innsnevra til eitt køyrefelt på brua, og i periodar vert det inntil ein time ventetid.

Artikkeltags