Frøya Skjold Sjursæther fylkesleiar for Grøn Ungdom Vestland skriv i BT 15.mars at ho håpar at regjeringa ser at tog er framtidas transportmiddel på same måte som i resten av Europa. Nordmenn sine flyvanar er ein luksus vi ikkje har råd til, minar ho. Tek vi utgangspunkt i rett statistikk, så er det tog som er den luksusen vi ikkje har råd til, sidan staten må ta 90 prosent av rekninga på ei togreise. EU statististikken syner dessutan at resten av Europa også har snudd ryggen til toget.

Sjøtransport av gods på lengre distansar og godt utnytta bussar på strekningar under 50-60 mil er dei mest energieffektive transportmidlane i den norske transportsituasjonen, men og i Europa. Sjursæther meinar at vi må inn med raske tog for å ta bort flyet mellom dei store byane i landet. Det vert så kostbart at all vegbygging må stoppast. Grunnen til at nordmenn flyr meir enn resten av Europa på relativt korte strekningar, kjem av eit manglande godt utbygd hovudvegnett. På lengre strekningar flyg danskar og nederlendingar frå sine svære flyplassar like ofte som nordmenn. Desse landa er mindre enn Finnmark så behovet for innanlands flyging der er minimalt i høve til i Noreg.

I høve til folketalet har Noreg eit av dei lengste jernbanenetta på jorda, 4000 km linje er 750 km per million innbyggjar mot berre 250 km per million i Storbritannia 300 km per million i Danmark. I følgje NTP subsidierer staten jernbana årleg med 32 milliard kr, av det 26 milliard kr for gratis skjenegang. Kvar km som ein person reiser med toget kostar det staten 11 kr og i tillegg betalar den reisande omlag 2 kr.

Med elbil med 1,7 personar kostar det 3 kr å transportere ein person ein km mot 13 kr med tog. Høg transportkostnad betyr stor ressursbruk og store klimagassutslepp. Noreg har truleg verdas høgste subsidiegrad for tog. Grøn ungdom meinar subsidiar til tog må aukast vesentleg. Er det rett at skattebetalarane i Finnmark og Sogn og Fjordane på skøpelege og rasfarlege vegar som er brukarbetalte, skal betale endå meir for togluksusen mellom storbyane?

Dersom ein buss med to etasjar kan transportere 80 passasjer, vil den i gjennomsnitt transportere 50 passasjerar til ein kostnad på 1 kr per km som ein person reiser, medrekna rett betaling for vegbruk. Så høg utnyttingsgrad krev låg billettpris. Det kan ein få til ved å overføre tilskot frå tog til buss.

Grøn ungdom ser på raske eltog som utsleppsfrie i motsetnad til fly. Kva med dei store utsleppa frå bygging og vedlikehald av ein eksklusiv ny skjenegang til 2 milliard kr per km for bygging. Dei må på plass i eit korrekt reknestykke om ein skal samanlikne med fly som har naturgjeven transportveg. Grøn ungdom held utsleppa frå bygging og vedlikehald av tog og skjener utanfor miljørekneskapen.