Regjeringa vil foreslå kutt i dieselavgifta på i alt 1,3 milliardar kroner i statsbudsjettet, opplyser finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Kuttet vil særleg komme anleggsnæringa til gode, seier Vedum til Dagbladet.

– Vi reduserer grunnavgifta med 80 prosent, seier Vedum til avisa.

Men vanlege bensin- og dieselbilar vil også få reduserte avgifter.

– Vi reduserer avgifta der òg. Men i praksis er det eigentleg anleggsarbeidarane som vil merke dette, seier Vedum.

Ifølgje Dagbladet vil avgiftskuttet innebere ein reduksjon på rundt 50 øre på pumpeprisen etter at ein auke i CO2-avgifta og avgift på biodrivstoff er rekna inn.

(©NPK)