Gå til sidens hovedinnhold

Vedum gravlegg NorthConnect for godt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier til VG at planen om ein tredje straumkabel frå Noreg til Europa, NorthConnect, ikkje vil bli noko av.

NorthConnect er eit planlagt straumsamband mellom Skottland og Noreg, og skulle etter planen ha ein kapasitet på 1.400 megawatt, noko som betyr at den maksimalt kan frakte 12,2 terawattimar straum mellom landa årleg.

Det er om lag like mykje som Norge kan forvente av ny kraft, om ein gjennomfører ei storstila oppgradering av norske vasskraftanlegg.

Straumkabelen har vore omstridd lenge, og som Sp-leiar har Vedum tidlegare òg vore klar på at han ønskjer at planane skal skrinleggjast.

Regjeringa Solberg utsette i mars i 2020 å gi konsesjon til prosjektet fordi ho meinte at det ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for å gjere eit vedtak i konsesjonssaka.

Den dåverande regjeringa ønskte først å hauste erfaringar frå verknadene på kraftsystemet av dei to kablane Nordlink til Tyskland og North Sea Link, som også går til Storbritannia, nærare bestemt England.

No stadfestar Vedum overfor VG at det ikkje vil bli gitt konsesjon.

– Den søknaden vil ikkje bli behandla. Det prosjektet skal gravleggjast, seier han.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken