For tredje året på rad arrangerte organisasjonen Motvind «Nasjonal vardetenning» fleire stader i landet. I 2019 registrerte dei 155 bål. I 2020 var det auka til 276 bål. Kor mange det blei i år har dei ikkje heilt oversikt over torsdag kveld.

Tanken bak vardetenninga er å varsle at det er fare på ferde, og kampen står mot vindkraftutbygging over det ganske land.

Eit av båla blei tent på Katta på Iglandsvik. Her var det båltenning, banner og motstandsprat om vindkraft. Vi fekk tak i vindkraftmotstandar Ivar Rune Varpe på telefonen frå eit vått og vindfullt Bremanger.

– Eigentleg er det ikkje meg du skal snakke med. Eg er berre ein sånn som går rundt og snakkar med folk. Det er Ann Karin Svarstad som har trekt i trådane, fortalde Varpe.

Svarstad får ha oss unnskyldt denne gongen. Vi ville no berre sjekke korleis oppmøtet var, og høyre om stemninga var god. Det har Varpe bra kontroll på.

– Det kom 34–35 personar. Det er surt og kaldt i dag, så det var den harde kjernen som kom. Hadde det vore fint vær hadde det nok vore mange fleire her.

– Kampen mot vindkraft held fram?

– No har kampen for ambulansetenesta, og mot Helse Førde vore det viktigaste her ein stund, men motstanden er framleis sterk her i Bremanger. Vi står på, har ikkje tenkt å slakke av, og det kjem stadig til nye vindkraftmotstandarar, slår Varpe ettertrykkeleg fast.

Det er no under eitt år igjen til vindkraftverket på Bremangerlandet skal stå ferdig. Varpe trur det blir for knapp tid til at det lar seg gjere.

– Vi reknar med at SFE kjem til å søke om å utsette fristen. Då er det viktig at kommunen framleis seier nei, vi får sjå kva som skjer, avsluttar Varpe.