Kommunalministeren kjem til Våt Moro

Frida Melvær Bjørn Hollevik Monica Mæland Høgre

Frida Melvær Bjørn Hollevik Monica Mæland Høgre Foto:

FLORØ: Torsdag startar Våt Moro i Florø, og fredag kjem kommunalministeren på omvisning.

DEL

Kommunalminister Monica Mæland kjem til Sunnfjord-regionen på besøk fredag 12. juli. Tema for turen er eigentleg kommunereform og innovasjon, men ministeren tek seg likevel tida til ein tur innom Våt Moro i Florø.

Dagen startar med eit møte med representantar frå nye Sunnfjord kommune, og ordførar og leiar i fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune Olve Grotle (H). Det skjer på rådhuset i Førde.

Deretter går turen til Brødrene Aa i Eikefjord, der statsråd Monica Mæland skal møte viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad og høyre om aktiviteten der. Her blir temaa båtbyggeri med miljøprofil, næringsliv i distriktet og internasjonalt samarbeid.

Og tidleg på ettermiddagen skal ho besøke Våt Moro, og få ei synfaring med festivalsjef Frank Robert Klakegg. Dit kjem også Pål Anders Ullevålseter, som skal halde «Mesternes Mester»-show med ulike utfordringar.

ENDURO: Enduro- og rallyførar Pål Anders Ullevålsæter er ein av to føredragshaldarar under Våt Moro.

ENDURO: Enduro- og rallyførar Pål Anders Ullevålsæter er ein av to føredragshaldarar under Våt Moro. Foto:

Artikkeltags