1 sprut: Det er dette dei fleste forbind med Våt Moro - høg fart og vassprut. Foto: Tarjei Langeland  2 GLADE: Denne blide gjengen havrafta frå Florø til Alden, der dei gjekk til topps. Foto: Heidi K. Høyheim
3 JUNIORMORO: Som vanleg fullt av glade, våte ungar i byparken laurdag. Foto: Sasha Dvoretskyi  4 TJUKK, FEIT OG FULL: Kalte denne gjengen seg, vinnarar av sandvolleyballturneringa. Foto: Margrethe Gjertsen 5 T-SKJORTE-ARMEEN: Dei frivillige er uunnverlege i oppbygginga av ein kvar festival, så også med Våt Moro. Foto: Tarjei Langeland 6 FYR-YOGA: Nytt tilbod i år var havrafting til Kvanhovden fyr med yoga der ute. Dette tilbodet vart fort fylt opp og fekk mykje skryt i ettertid. Foto: Tarjei Langeland.

Frisk og fuktig folkefest

Fersk Våt Moro-sjef Maren Igland Avsnes er nøgd med helga som har gått. Det har ho lov til, med nærare 30 aktivitetar på tilbodslista, og svært godt besøk.
Av
Publisert

Årets Våt Moro var det fjerde i rekka. Maren Igland Avsnes har vore med på tre av dei, men dette var altså hennar første som festivalsjef.

– Eg har ikkje heilt landa enno, erklærer ho litt utpå dagen måndag.

– Det har vore heilt fantastisk - eg er så nøgd og glad for at ting har gått så greitt for oss som har jobba i kulissene.Og så er eg enormt glad for at så mange har vore innom kaia, og ikkje minst for alle dei frivillige som har brukt så mykje av tida si på oss - nokre av dei har stått på morgon til kveld, og det hadde ikkje vorte festival utan desse.

Denne blide gjengen havrafta frå Florø til Alden, der dei gjekk til topsps. Foto: Heidi K. Høyheim

Denne blide gjengen havrafta frå Florø til Alden, der dei gjekk til topsps. Foto: Heidi K. Høyheim

Ein ting som i år har vorte lagt særskilt merke til, er den store pågangen til kveldsarrangementa. Igland Avsnes fortel at dei til dels også merka det på førehandssalet - folk brukte dette i større grad i år. Mellom 1500 og 1600 menneske har vore innom i teltet dei tre kveldane - ei anstendig stigning frå fjorårets rundt 1200. Festivalsjefen trur det kan ha noko med dei ulike konsepta å gjere.

– Torsdag var det stand-up, fredag var det quiz og allsang og laurdag var det DJ. Slik traff vi nok mange, trur ho.

Mange er også dei som har myldra rundt om på festivalen i grøne t-skjorter - dei frivillige. Rundt 150 stykker, anslår Igland Avsnes.

– Men i tillegg kjem dei som har køyrt truck eller kranbil eller gjort andre ting - det er mange som har stått på denne helga, opplyser ho, og nemner spesielt 13 år gamle Ådne Martin Larsen, som dukka opp på eige initiativ og som har vore på kaia dagen lang og hjelpt til med alle moglege slags førefallande oppgåver.

Som vanleg fullt av glade, våte ungar i byparken på laurdag. Foto: Sasha Dvoretskyl

Som vanleg fullt av glade, våte ungar i byparken på laurdag. Foto: Sasha Dvoretskyl

– Det er utruleg gøy når så unge folk synes det er kjekt å vere med hos oss! Og vi treng dei, vi har vakse og treng fleire til å vere med og bidra for at vi skal kunne halde det gåande og kanskje vekse enno meir. Neste år har vi fem års-jubileum, og det skal ein vere stolt av i festivalverda.

– Ja, etter fire år har Våt Moro blitt eit etablert omgrep i folks medvit, så kva gjer ein no for å utvikle konseptet?

– Eg er sjølv spent på korleis vi tek dette vidare, seier Igland Avsnes.

Eg er spent på korleis vi skal ta dette vidare

Maren Igland Avsnes festivalsjef, Våt Moro

Ho peikar på at dei ved hjelp av sponsormidlar har vore i stand til å kjøpe inn ein del utstyr som gjer at dei ikkje treng å avgrense aktiviteten til ei helg.

– Vi har til dømes åtte SUP-brett og vi har windsurfingbrett, så vi har moglegheiter til å spreie aktiviteten på årsbasis no - noko vi jo forsåvidt er i gang med med Våt Moro-leikane som starta opp i fjor, og som går føre seg i april. Men for å halde på året rundt krevst det ein heilt annan organisasjon enn det vi har no, då må vi finne folk som vil vere med oss året rundt, seier ho, og legg til at det vil komme ein Våt Moro-dag på Sørstrand for dei minste litt seinare i år.

For å halde på året rundt krevst det ein heilt annan organsiasjon

Maren Igland Avsnes festivalsjef, Våt Moro

Nokre av aktivitetane på årets program var også nye - som til dømes yoga på Kvanhovden fyr. Ein reiste ut med rib til ein yogatime under open himmel ved det 120 år gamle fyrbustaden.

Tjukk, Feit og Full kalte denne gjengen segm som stakk av med sigeren på volleyballturneringa. Foto: Margrethe Gjetsen

Tjukk, Feit og Full kalte denne gjengen segm som stakk av med sigeren på volleyballturneringa. Foto: Margrethe Gjetsen

– Eg har høyrt at dette var ei heilt spesiell oppleving, utandørs, og med himmel og hav så tett på.

Aktiviteten rappellering var ikkje ny av året, men den tok heilt av i år, i følgje festivalsjefen.

– I fjor var det ein ti-tolv stykker som prøvde seg, medan det i år var over 40. Veldig artig at det var så mange som våga seg på å prøve.

Rappelleringa går føre seg frå taket på Flora samfunnshus, så den, pluss sandvolleyballbana på Jens Helmers Plass betyr også at festivalområdet blir utvida.

– Og vi var også til stades på Storevatnet, med SUP-bretta. Det er kjekt at vi får spreidd oss litt og sette preg på bybiletet, kommenterer Igland Avsnes.

Dei frivillige er uunnverleg i oppbygginga av festivalen. Foto: Tarjej Langeland

Dei frivillige er uunnverleg i oppbygginga av festivalen. Foto: Tarjej Langeland

Ho vil ikkje uttale seg for bastant om økonomien, men sitt att med eit klart inntrykk av at det ser bra ut.

– Eg er optimist med tanke på at vi skal gå i pluss.

Artikkeltags